Agnar Aarskog, ordstyrar Per Bergesen og dagleg leiar Therese Nysæther. Foto: Ingrid Hovstad

Geir Tore Søreide og Tore Sigurd Fitjar sørga for spenninga på eit elles roleg årsmøte i Fitjar Kraftlag.

Med 107 røyster fordela på 63 frammøtte vart årsmøte i Fitjar Kraftlag halde i kultursalen i kveld. Allereie under første sak: godkjenning av innkalling og sakliste, måtte teljekorpset i sving. Tore Sigurd Fitjar og Geir Tore Søreide meinte at ein burde utsetja å handtera sak 11: vedtektsendringar.

Etter transaksjonen mellom Fitjar Kraftlag og Haugaland Kraft må ein tilpassa vedtektene sidan ein skal vera eit samvirkelag. Styret har med hjelp av juridiske rådgjevar gått gjennom vedtektene.

– Sak 11 vedtektsendringar burde vera ei orienteringssak i dag. Ein bør bestemma ein strategiplan først, sa Fitjar frå talarstolen.

Agnar Aarskog styreleiar i Fitjar Kraftlag og resten av styret meinte at ein hadde orientert medlemmane nok.

– Me treng ikkje utsetja saka. Det er ikkje noko svært dramatisk i endringane, men ein må gjera det for å følgje samvirkelova, sa Atle Tornes. Fleirtalet i salen dela Tornes sitt syn, og saka vert behandla med vedtak.

Ny transformator

Årsmeldinga og årsresultatet viste eit år med stabil drift utan store problem. Det har vore mykje aktivitet, særleg med utrulling av AMS målarar, innføring av felles datahub for heile kraftbransjen (elhub), nye kablar til det landbaserte oppdrettsanlegget ved Kjærelva og til ferjelading på Sandvikvåg.

Ein hadde ein total kraftproduksjon på 4,7 GWh, etter at ein fekk sett i drift att Rimbareid Kraftverk etter røyrbrotet i 2017.

- Annonse -

I løpet av 2019 kjem transformator nr.2 på Årskog, dette sikrar kundane straum sjølv om ein av transformatorane ryk.

Fitjar Kraftlag hadde eit overskot etter skatt på 5,4 millionar kroner. Årsmøtet vedtok at overskotet vert rekna mot annan eigenkapital.

Agnar Aarskog kunne ogso informera at Fitjar Kraftlag hadde tatt opp lån på 14 millionar, som var nytta til å kjøpa fleire aksjar i Midtfjellet Vindkraft.

Agnar Aarskog på talarstolen. Foto: Ingrid Hovstad

Halvera godtgjersla

Etter teljekorpset måtte trå til under godkjenning av sakslista gjekk møtet roleg til ein kom til fastsetting av godtgjersle til styret.

Geir Tore Søreide fremja framlegg om å halvera satsane valnemnda tilråda årsmøte å vedta. Framlegget hans fekk 51 røyster, mot valnemnda sitt framlegg som fekk 56 røyster. Eit jamt val.

Frå partseigar til medlem

Stig Berge frå advokatfirma Thommessen AS tok oss gjennom framlegga til vedtaksendringar. Dei fleste endringane hadde samvirkelova i ryggen, og fleire stadar endra ein berre ordlyden i frå partseigar til medlem.

Den største endringa var i paragrafen om utdeling. Her gjekk ein for at ein ikkje kan dela ut meir ein 50 prosent av overskotet i året. I tillegg vedtok ein at årsmøtet kan setja av inntil 15 prosent av årsoverskotet til eit fond til ålmennyttige tiltak utan om dei 50%.

Salen hadde nokre spørsmål, men alle framlegga til vedtektsendringane vart vedteke slik dei låg føre.

Motkandidat til Agnar Aarskog

Kveldens siste sak var val. Styremedlemmane Agnar Aarskog og Torstein Grimen var på val, og valnemnda gjekk inn for attval, med Aarskog som framlegg til styreleiar vidare.

Geir Tore Søreide stilte spørsmål om valnemnda sitt arbeid, og meina ein ikkje hadde lagt vekt på teknisk kompetanse.

– Eit styre treng utskiftingar, det er ikkje bra å sitja for lenge, sa Tore Sigurd Fitjar, før han la fram Tom Kristian Innvær som motkandidat til Agnar Aarskog.

Salen venta i spenning medan teljekorpset gjorde jobben sin.

Resultatet 63 røyster til Aarskog, mot 44 til benkeframlegget Innvær. Og med det fekk Agnar Aarskog fornya sin tillit i styret, og går i gong med to nye år som styreleiar i Fitjar Kraftlag.