Natt til første påskedag skal me stilla klokka til sommartid, og med det vert påskeferien i år ein time kortare. 

Det er eit evig spørsmål kva veg klokka skal stillast, og folk nyttar ulike hugsereglar for å koma i rett system. Som alltid skal klokkas stillast mot sommaren, dvs at om våren skal ein stilla klokka ein time fram (mot sommaren) og om hausten skal ein stilla klokka ein time attende (mot sommaren). Andre assosierer det med hagemøblane som vert tekne fram om våren, og vert sett attende i garasjen, eller kvar ein måtte lagra dei, om hausten. Og timen ein misser no i påskeferien, sidan den treff likt med siste helga i mars, får ein attende siste helga i oktober når klokka skal stillast ein time attende.

Formelt sett skal klokkestillinga skje klokka to om natta natt til siste søndag i mars. Det første året det var sommartid i Noreg var i 1916. Etter det var det litt fram og tilbake med bruk av sommartid, Etter ein lang pause frå 1965 til 1980 vart sommartid på ny innført her i landet, til ergrelse for nokon og til glede for andre.

Etter at me har stilt klokka fram ein time frå klokka to til klokka tre natt til 31. mars vert morgonane litt mørkare ei lita stund og kveldane vert lysare. Uansett klokkestilling vert me lova mange lyse dagar framover. Både yr og storm melder strålande solskin så langt som langtidsvarselet går.