Temakvelden «Mot påske» i Fitjar kyrkje vart ein time der me verkeleg kunne senka skuldrane og berre ta i mot vakker musikk og inspirerande, tankevekkjande ord.

Det starta med den kjente bergensorganisten Tor Grønn som gav til beste ein Intrada av Cappelen som veksla mellom mektig og lågmælt musikk, Bach sin kjenslevare Sinfonia og Ketelbey sin: I en klosterhage der musikken verkeleg smaug seg under snippen. I tillegg serverte han spennande variasjonar over «Å, hvor salig det skal blive», til slutt.

Det neste musikkinnslaget var eit nydeleg samspel mellom fløyte og piano på Bach sin Sonate for fløyte og klaver i e-moll. Kulturskulerektor i Fitjar Anne Lene Østvold Jordåen synte her at ho kan langt meir enn å administere. Ho er ein konsertfløytist av beste merke. Det er lett å bli imponert av det presise og samtundes flytande og dynamisk sterkt kontrollerte spelet i dei hurtige allegro-satsane. Men tonane ho fekk fram i legatospelet i dei rolege satsane synte oss at dette er ein fløytist som verkeleg veit korleis ho skal få godlyd i instrumentet sitt.

Irene Simonsen har me omtala med superlativ mange gonger før. Og karakteren vert ikkje dårlegare denne gongen heller. Med pianoet følgde ho fløyta som ein skugge, og samspelet var til tider glitrande.

Det verbale under temakvelden stod Eli Simonsen for. Ho hadde valt ut tekstar av André Bjerke, Heidi Strand Harboe, Edvard Hoem, Finn Bjørnseth, Ylva Eggehorn og Tove Houck, i tillegg til nokre sentrale bibeltekstar omkring påskebodskapen, der Han som kom, leid og sona for vår skyld vart løfta opp i takksemnd. Eit flott utval! I tillegg synte Simonsen endå ein gong at ho ikkje berre er ein teknisk framifrå opplesar. Men ho kommuniserer på ein måte som når deg.

Alt i alt ein velsigna time – og ei fin innleiing til påskeveka.