Flagget vaia på halv stong, og stilla rådde på området til Fitjar Mek. Verksted AS i dag. I respekt for den omkomne.

Kl. 07.30 på morgonen i dag vart alle arbeidarane samla til eit allmøte der verftsdirektør Hugo Strand informerte om det som hadde skjedd.

Etterpå fekk arbeidarane høve til å ta fri om dei ønskte det. Av respekt for han som forulukka, skulle det ikkje gjerast noko bråkande arbeid på verftet i dag.

Politiet og arbeidstilsynet var derimot på plass for å finne ut av kva som har skjedd.

Men stilla som møtte oss då me var innom verftet tidleg ettermiddag i dag, var til å både ta og føle på, og dei tilsette me møtte var alle prega av ulukka.