Sommaren nærmar seg med stormskritt, og i natt markerer me det med å stilla klokka ein time fram.

– Når vi stiller klokka fram, blir natta ein time kortare. Vi kan heldigvis glede oss over lysare kveldar framover, seier næringsminister Iselin Nybø på nettsida Regjeringan.no.

Ho har ansvaret for Justervesenet, og dermed også full kontroll på nøyaktig tid her i landet.

Betre utnytting av lyse sommarkveldar

1916 var det første året me hadde sommartid i Noreg; føremålet med sommartid har vore å oppnå ei betre utnytting av dei lyse timane i døgeret. Sommartid gjer at kveldane blir lysare.

Her i landet har me hatt sommartid kvart år sidan 1980, etter ein lang pause sidan 1965. Me følgjer sommartida i EU, det vil seia at siste helga i mars blir klokka stilt ein time fram, og siste helga i oktober stiller me klokka ein time tilbake.

Då me hadde sommartid tidleg på 1960-talet, var bøndene blant dei mest kritiske. Mange hevda at det var uheldig å endra døgnrytmen til dyra to gonger i året, bl.a. med mjølketider og fôringstider. Men bøndene burde vera fornøgde, blei det hevda, for dyra fekk jo ein time ekstra til å beita om ettermiddagen!

Dei fleste land i Europa, Nord-Amerika og på den nordlege halvkula elles bruker sommartid, men Russland gjekk bort frå ordninga i 2011.

Skru klokka mot sommaren!

For å hugsa kva veg du skal stilla klokka, kan du tenkja at klokka skal alltid stillast mot sommaren. Om hausten stiller du altså klokka ein time tilbake. I natt klokka 02.00, stiller du klokka ein time fram, også det mot sommaren.

No har vel dei fleste ein smarttelefon eller andre smarte dupedittar som hugsar dette sjølve. Slik at dei vaknar opp til ei klokke eller eit anna apparat som viser rett tid i morgon tidleg.

Siste året me skrur klokka fram og tilbake?

Mykje tyder på at i år er siste gongen me skrur klokka fram og tilbake på denne måten. EU-kommisjonen la i 2018 fram forslag om å avvikla ordninga med å skru klokka fram og tilbake, og EU-parlamentet gjekk inn for forslaget i fjor.

Om EU skulle bestemma seg for endeleg å gå inn for forslaget, vil det truleg gjelda for 2021. Og då følgjer nok Noreg etter. Men EU gjer ingen endringar i år, og i natt klokka 02.00 må du hugsa å stå opp og skru klokka fram ein time til 03.00!