Stilfull innreiing og dekor, og ikkje minst ein gastronomisk oppleving av dei store. Me snakkar om opninga av Geir Skeie sin restaurant Brygga 11, sist fredag.

Dei inviterte gjestene fekk oppleve ein tre rettars middag pluss ein smak av restaurantens  fiskesuppe og konfekt – i tillegg til god drikke som er å få i restauranten.

Den offisielle opninga stod fitjarordførar Wenche Tislevoll for. Ho hadde klarert det heile med sin kollega i sør, sidan det er snakk om ein restaurant i Stord kommune.

Etter å ha kome med skrytande godord til Geir Skeie og prosjektet, føretok ho opninga ved å opne ei champagneflaske med sabel. Ei  sabla god opning altså.

Tidlegare hadde både Geir Skeie og leiar i GSE Sandvik, Svein Sandvik, orientert om prosessen fram til at restauranten Brygga 11 avd, Stord, eller «Fisk og vin» som driftsselskapet heiter, no er ein realitet.

Osternes Mannskor stod for lokal, humørfylt  underhaldning ved å framføre fleire nummer frå kabareten «Demann for eit kast». Og me såg ikkje anna enn at gjestene både lo og humra over dei dei fekk servert på denne måten.

Før kvar matrett som så vart servert orienterte kokkeverdsmeisteren om rettane. Spennande og nydelege, og stort sett laga av lokale råvarer, var dei alle. Når me så  veit at einkvar kunde kan få alle tre rettane for under 400 kr, treng ein ikkje å ha alvorleg tjukk lommebok for å få nyte festmat i toppklasse.

Under den offisielle opninga var 74 gjester til stades, slik fekk restauranten òg ein fin test på korleis logistikken i restauranten fungerte.

Desse matrettane vart servert under opninga:
Brygga 11 sin fiskesuppe tilsmakt med appelsin og fennikel og dagens fisk og skalldyr.

Så ein tre-rettars:

1. Kveite frå Ryfylke marinert med yuzu og soya, crispy grønnsaksalat og wasabikrem.
2. Bakt torsk tilsmakt med dill og sitron med broccoli, blomkål, beter og smørsaus med blåskjell og sitron.
3. Isparfait tilsmakt basilikum med syltet rabarbra og jordbær, kanel og lun mandelkake.