Salsutstillinga til fitjarbuarne Alma Kjærland, Maren Sofie Strømme og Bjørg Strømme i Moster Amfi er gjennomført stilig – og ei svært god oppleving.

Flotte produkt, levande musikk, eit fantastisk utstillingslokale og ei svært god opningstale av fitjarordførar Wenche Tislevoll, streka under det same.

Tislevoll tok utgangspunkt i den historisk nære tilknytinga det er mellom Fitjar og Moster, ikkje minst ved Håkon den Gode og Tora Mostrastong. Ho presenterte så fitjarkunstnarane, deira kunstarlege utvikling og produkt, på levande og innsiktsfullt vis. Ho gav dei vidare godord med på vegen.

– Som ordførar er eg veldig stolt og glad over å ha sambygdingar som haustar fagnad og ære ut over kommunen sine grenser, og som er med på å setja Fitjar på kartet på ein positiv måte.

På utstillinga finn du mellom anna armband, vesker og belte i fiskeskinn, spennande bilete – og englar, kattar og julekrybber i glas. Ho vert ståande til 11. desember, og det er vel verdt å ta turen.

Om du ikkje har tenkt å kjøpe noko utstillinga ei oppleving i seg sjølv.