Med eit stilfullt og heilt igjennom strålande gjennomført arrangement, markerte Fitjar vidaregåande skule 75-års-jubilèet sitt fredag kveld.

Skulen og personalet, med rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll i spissen, kunne då òg hauste bøttevis med lovord både frå Hordaland fylke, naboskulane, tidlegare elevar og årets elevrådsleiar ved FVGS.

Skulesjef for opplæringskontoret i fylket, Inger Øvsthus Tønder, karakteriserte Fitjar VGS som ein raus og inkluderande skule der elevane trivst. Vidare peika ho på at FVGS ser moglegheitene i plassen for problema, og på skulen si omstillingsevne, noko som har gjort at skulen har overlevd, mens andre tidlegare husmorskular ikkje lenger er meir.

-At Fitjar VGS òg fekk arbeidsmiljøprisen for 2008, seier òg sitt. Denne prisen heng svært høgt, understreka Tønder, som lova å jobba aktivt for at FVGS skal få realisert midlar til eit påbygg på design og handverk, som dei har søkt fylket om. Som representant for fylkeskommunen overrekte ho vidare både blomar og ein sjekk på 75 000 kroner.

Gåver vanka det òg ifrå Bømlo Vidaregåande Skule, PPT, Fitjar kommune, Stord VGS og ifrå Riga 1. Medical College, som samarbeider med FVGS, og som vart representert med to ifrå administrasjonen sin på festen. Besøk var det òg ifrå Vasa yrkesinstitutt i Finland. Begge er skular FVGS samarbeider med.

Festtalar var assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane, Per Jørgen Loen. Han har tidlegare vore både elev (første mannlege!) og lærar på Fitjar VGS, og spelte på ein fin måte på det i sin humørfylte og gode tale, før han slutta med følgjande: -Fitjar VGS ligg, som skule, i øvste halvdel på tabellen i eliteserien, og det er ingenting som tyder på at dei skal rykkje nedover med det første.

Fitjarordførar Harald Rydland takka skulen for det han har hatt å seie for fitjarbygda, og med tanke på at talet på ungkarar har auka etter at ein la ned internatet på skule, sa han smilande:

-Det har vore ein del tragediar i Fitjar si soge, og eg har rangert dei slik:1. Slaget på Fitjar i 961 der Håkon den Gode fekk banesår.
2. Nedlegginga av internatet på FVGS for nokre tiår tilbake.

Stordordførar Liv Kari Eskeland takka for framifrå samarbeid, og for det FVGS har å seia for Sunnhordlandsregionen, og røpa at ho er i slekt med Ingeborg Halse, den aller første styraren ved Fitjar VGS.

Rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll gav til beste eit kort historisk tilbakeblikk, der ho mellom anna peika på korleis Husmorskulen starta opp fast på Fitjar 20. januar 1933, etter eit turbulent og omflakkande amtskuleliv, og takka mellom anna fylket for godt samarbeid.

Elles var det musikalsk underhaldning av ein gitarduo ifrå HSH, ved songkoret Corona, ved Mette Lambach på torader og ved ein elev i tredje klasse på skulen, som spelte sax. Me må òg nemne elevrådsleiar Katharina Dahle sin tale. Den var glimrande.