I dag møtte me på to mann i full sving med å laga sti opp til Rimsvarden.

I fjor blei det gjort ein stor jobb med å gjera gravrøysa meir tilgjengeleg. Ein god del sitkagran blei fjerna, og oppe ved røysa blei det sett opp ei informasjonstavle som fortel om røysa og bronsealderen på tre språk, norsk engelsk og tysk.

Samstundes blei det sett i gang arbeid med ein betre sti opp til toppen. Dette arbeidet gjekk i dag med liv og lyst. Annar Westerheim og Toralv Røen var i full sving med hakke og spade. Stykket dei heldt på med i dag, går frå huset ved grusvegen og oppover mot det aller brattaste partiet. Her har dei tenkt å leggja singel med duk oppå, og så grusa på toppen.

Skiltet der stien startar, laga Toralv Røen i fjor. Det store informasjons-skiltet på toppen er eitt av fleire nye skilt som skal markera stoppestadene på den nye kulturløypa i Fitjar sentrum. Denne skal vera klar til 18. juni, og 50-årsjubileet for avdukinga av riksmonumentet i Håkonarparken. Fitjarposten kjem tilbake med meir informasjon om kulturløypa og 50-årsmarkeringa.

steroidi anabolizzanti online