To frivillige frå Dåfjorden har rydda sti gjennom skogen frå Rydlandssago ned til sjøen, på nordsida av elva, og Fitjarposten har prøvegått traseen i dag.

Dei to frivillige er Toralv Røen og Annar Westerheim, som har gjort ein god jobb her òg. Stien startar ved Rydlandssago og følgjer først ein traktorveg som grunneigar Lars J. Rydland og far hans fekk laga på 1980-talet.

Traseen nedover på nordsida av elva mor Røytetjødno.

Vidare nedover det bratte lendet i sameiga til rydlandsmannen er det enkelte våte parti, men absolutt farbart med normalt gode sko. Me kom oss iallfall forbi Røytetjødno og heilt ned til sjøen utan å bli våte på beina. Det er eit godt teikn.

Der elva renn ut i sjøen, står grunnmuren etter den gamle Rydlandssago, ei oppgangssag som blei bygd tidleg på 1600-talet. Toralv Røen fortel at han håper dei med tida kan få sett opp eit informasjonsskilt der nede. Medan me ventar på det, kan me anbefala folk å ta turen ned gjennom skogen.

Fordelen med denne traseen er at du kjem til sjøen utan å gå forbi hyttenovene på sørsida. Og rett ovanfor Rydlandssago, ved Trebruo, har Friluftsrådet Vest laga ein fin parkeringsplass med plass til mange bilar.

Grunnmurane etter den gamle oppgangssaga nede ved Dåfjorden.
- Annonse -