Møtet med Jan Eriksen på Fitjartun i kveld vart ei sterk påminning om at Jesus framleis kan forvandla menneskeliv.

Jan Eriksen hadde lenge samfunnet si underverd som sitt arbeidsområde, med ingrediensar som sex, dop, vald- og hallikverksemnd.

– Eg hadde ikkje då opplevd at det var kraft i evangeliet. Men Gud brukte enkle kristne til å vise meg han. Og til slutt ba eg:

– Jesus, om du lever, så må du forandre livet mitt, sa Eriksen.

Dette er over 20 år siden. Siden har Jan Eriksen vore fri frå alt han tidlegare var bunden av. No er tenesta hans å bringe bodskapet om Jesu tilgjeving inn i dei tøffaste fengsla i verda, og han har opplevd at svært mange av dei mest hardkokte fangane har teke imot Jesus.

Sidan avisa Norge Idag er ein av Eriksens viktigaste støttespelarar var både Anita og Finn Jarle Sæle med på møtet.

Finn Jarle peika på korleis kristne på ein positiv måte har prega og pregar samfunnslivet og talte òg varmt om Israel.

Anita trekte fram at me er i ferd med å få eit samfunn der kvitt er i ferd med å bli sett på som svart, og svart som kvitt, på den måten at kristne verdiar som har vore til velsigning for generasjonar, no meir og meir vert sett på som noko svært negativt.

– Dette må me kjempa imot, sa ho.

Arrangementet var greitt leia av pastor Frank Håvik i Menigheten Nytt Liv Sunnhordland som òg stod som arrangør for møtet.