Eyvind Skeie har gitt ut si eiga salmebok med over 300 salmar. Foto: Kjetil Rydland.

Den allsidige kunstnaren Eyvind Skeie tala rett til hjarta då han møtte eit publikum på rundt eitt hundre i Fitjar kyrkje torsdag kveld.

Det var ein kunstnar som har sett sterke og viktige spor etter seg som vitja Fitjar kyrkje torsdag kveld, men det var ikkje så mange fitjarbuar som hadde fått det med seg. Likevel samla det seg eit relativt stort og lydhøyrt publikum i kyrkjebenkene, for både stordabuar og bømlingar visste at dette er ein mann som har mykje å by på.

Om ikkje kunstnaren er så kjend, er i alle fall verka til denne allsidige forfattaren nærmast allemannseige. Det gjeld ikkje minst songane «Tenn lys» og «Nå er den hellige time». Og det er knapt ein vaksen nordmann som ikkje kjenner til barneprogramma «Portveien 2» og «Sesam Stasjon».

Eyvind Skeie har skrive mellom 600 og 700 salmar og har gitt ut si eiga salmebok med 316 songar og salmar. Han er vidare den som er representert med nest flest salmar i Norsk salmebok. Under torsdagens temakveld song Skeie fleire av salmane sine, las eigne dikt og fortalde frå sitt allsidige arbeid som prest, sjelesørgjar og frilansar.

Som sjelesørgjar har Skeie sete ved fleire dødsleie enn dei fleste, og fortalte vart og varmt på ein måte som gjekk rett heim hos det modne publikummet. Temaet liv og død er det verkelege livet, noko tilhøyrarane denne kvelden var fullt klar over, og Skeie sette ord på det som knapt nokon annan.

Skeie har opplevd mykje sjukdom og død i sin eigen nære krets, og fortalte om dette med stor respekt. Han er ein jordnær mann, som minte tilhøyrarane på at det ikkje er rett å koma med heile frelseshistoria når nokon treng deg.

Kommentarene etterpå var heilt tydelege på at dette var ei god stund i kyrkja.

– Her var det ikkje noko «flipp-flopp» og kule fakter, men ein sunn realisme, var ein av kommentarane me fekk med oss etterpå.

Det var ein stor kunstnar som gjesta Fitjar torsdag kveld. Til dei som gjekk glippa av tamakvelden i kyrkja denne gongen, vil me anbefala den vesle boka «Her renner tidens elv», som Skeie har gitt ut saman med Stord-kunstnaren Per Flatøy frå Almås.