5. klassingane markerte seg i dag sterkt mot mobbing saman med fadderborna sine i 1. klasse.

Til drivande, rytmisk playback framførte 5.klassingane  songen «Stopp, ikkje mobb», så det ljoma i amfiet på nye Rimbareid skule. Tydelegvis ein song dei likar, og dei veit kva han handlar om! Etterpå fekk me sjå ein livfull linedans der både 1. klassingar og 5.klassingar tok del.

For i tillegg til agendaen mot mobbing, var også sammøtet mellom fadrar og fadderborn viktig i opplegget i dag. 5. klassingane hadde laga nydelege kort med bilete av seg og fadderbarnet sitt. I tillegg hadde dei skrive ein personleg tekst på kortet som fadderbarnet så fekk. Og i samtale med fadrar og fadderborn forstod me at dette var noko dei syntest var kjekt, ein vinn-vinn situasjon for alle partar, og sidan det snart er jul, tenkte me òg på songen om å vera 4-år i romjul, om 4-åringen som ønskte seg ein storebror i 5. klasse som rydda opp og bana veg.

Har strikka over 100 mot-mobbing-luer.
Under samlinga i dag var 5. klassingane iført «Mot mobbing-luer», strikka av Lisbeth Olsen. Ho strikka ei slik lue til alle elevane på 5. trinn i fjor, og har gjort det same i år. For å syne at skulen verkeleg sette pris på eit slikt engasjement markerte rektor Bjørn Haaland dette ved å overrekkje Lisbeth både takk og gåvekort under samlinga i dag.

-Det byrja med at eg strikka ei lue til Natalie, dottera til sambuaren min. Så kom ho heim og fortalde at dei andre i klassen likte denne lua svært godt. Så då strikka eg like godt til dei andre òg , fortel Lisbeth Olsen til fitjarposten.no. -Ein del luer til tanteborn og andre har det òg blitt, så det er nok blitt over 100 i alt, fortset ho.

-Men fokuser minst mogeleg på meg, men mykje på temaet. Å stå opp i mot mobbing er svært viktig, og songen «Stopp, ikkje mobb», er den finaste songen eg veit, la Lisbeth til etter elevane si framføring i dag.

Ingressbilete ovanfor: 1. klasse og 5. klasse framfører linedance i lag. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Fadrar og fadderborn. Framme f.v. Hanna Båtstad, Julija Baranovskaja, Ida Marie Sandvik, Linnea Prestbø og Malene Halleråker. Foto: Håkon C. Hartvedt

FStopp ikkje mobb

5.-klassingane framfører «Stopp, ikkje mobb! Foto: Håkon C. Hartvedt

FLisbeth og 5 klassingar

Lisbeth Olsen flankert av elevar med «Mot Mobbing-luer». F.v. Andreas Vestbøstad, Malene Halleråker, Lisbeth, Ida Marie Sandvik og Simon Hatlevik. Foto: Håkon C. Hartvedt

FLue

Slik ser «Mot Mobbing»-lua ut. (I ein av fargane.) Foto: Håkon C. Hartvedt