Johannes Sandvik Bø t.h. eit hestehovud bak Vegard Rinde frå Gneist, som vann 60 meter hekk. Foto: Hilde Stokvold Gundersen.

Johannes Sandvik Bø var einaste Fitjar-deltakar under Lerøylekene i Haugesund, men han gjorde det til gjengjeld svært godt. I går blei han nummer to på 60 meter hekk og nummer tre på 600 meter. I dag blei han nummer to på 200 meter hekk.

Lerøylekene er eit vestlandsmeisterskap for ungdom på 13 og 14 år, og Johannes Sandvik Bø var den einaste frå Fitjar som var teken ut av Hordaland Friidrettkrets til å delta i Haugesund, i konkurranse med dei beste frå heile Vestlandet.

På 60 meter sprang Jonannes inn til ein knallsterk 2.-plass på den gode tida 10,15. Dette er ny personleg rekord med over to tidelar, og ekstra sterkt når me tenkjer på vinden i Haugesund i dag. Vinnar blei Vegard Rinde frå Gneist, som sette årsbeste i landet med 9,87 i den sterke motvinden.

På 600 meter blei det ein fin 3.-plass på vår mann, i konkurranse med 20 andre spreke gutar. Tida 1,41 er fire sekund bak den personlege rekorden til Johannes, ein sterk prestasjon i den sterke vinden. Vinnar blei som vanleg Sigve Lillebø frå Ask.

Søndag blei det ein ny andreplass på Johannes, denne gongen på 200 meter hekk. I dag hadde vinden snudd, og løparane hadde +3,0 sekundmeter medvind. Tida 31,03 hadde gitt over 1000 poeng etter Tyrvingtabellen, men kan ikkje godkjennast pga. at medvinden var over +2,0 sekundmeter. Som i går var det Vegard Rinde som slo han. Men med mindre margin enn i går. Rinde hadde 30,76.

Stemnet er berre for 13- og 14-åringar. Til neste år får Fitjar truleg med ein til i Marius Pedersen.

Johannes på pallen etter 600 meter.
- Annonse -