Eit team frå Evangeliesenteret Østerbo ved Halden vitjar for tida Sunnhordland. Fitjarposten fekk med seg møtet i kveld – og eit knippe svært sterke livshistorier.

«Jeg har vært en fyllefant hele mitt liv. Etterhvert var det ikke nok med øl. Så ble det sprit. På slutten drakk jeg to liter sprit om dagen», fortel ein vaksen kar. Men historia sluttar ikkje der. På Fitjartun i kveld kunne han fortelje om at da han kom inn på Evangeliesenteret, snudde det. For der møtte han Jesus som sette han fri. No har han gått to år på bibelskolen på Østerbo.

Fleire andre sterke historier vitna om det same: Jesu livsforvandlede makt og kjærleik. Alle fortalt «rett frå leveren». 

Også talaren Jan Ingvaldsen vitna meir enn han talte i kveld. Både om Guds vern og om helbreding. Det er offentleg kjent at Ingvaldsen leid av uhelbredeleg kreft, og at han no er frisk.

– Våg å gå på djupet med Jesus – og stol på Han, var utfordringa han kom med til slutt.

Møteseria er felles for Sion Mosterhamn og Menigheten Nytt Liv Sunnhordland, og møta fortset Sagvåg i morgon og søndag på Mosterhamn.

Ingressbilete: Sentergjengen i aksjon. Foto: Håkon C. Hartvedt