Det heiter seg at det alltid står ein kvinne bak. I «Sunnhordland Årbok» handlar det om kvinner som slett ikkje heldt seg i bakgrunnen, men om kvinner som kvar på sitt område var ‹frontkjemparar».

Boka som er utgjeven av Sunnhordland Museum og forlaget Kapabel. Redaktør for boka Janne Jünger fortel mellom anna at boka tek oss med på delar av reisa mot kvinner sin veg ut i samfunnslivet, via foreiningslivet, som misjonsforeiningane og bondelaga, arbeidslivet og deltaking i lokaldemokratiet.

Mellom anna møter me to markante kvinner frå Sunnhordland frå 1600-talet, Cilla Gad og Karen Mowatt, som hadde lite høve til å påverke sitt eige liv og lagnad, sjølv om dei var blant dei mest lærde og rikaste kvinnene i Norden i si eiga samtid.

Vidare signekjærringane; Smørsundkjærringa og Olino Jedlaslettena, som virka på slutten av 1700- og 1800-talet.

I boka finn du også fleire sterke historier om kvinner frå Sunnhordland som dei siste to hundre åra, både frivillig og ufrivillig, har fått ein plass i offentlegheita. Ei av dei er gardsdottera Kari Nilsdatter Spissøy frå Spissøy, som vart eit ikon i norsk leprahistorie, ei anna er Signe Tvedt frå Kvinnherad og hennar store innsats som føregangskvinne i den norske bondereisinga på 1920-talet. Også Abelone Møgster frå Austevoll vart eit kjent namn etter andre verdskrigen, på grunn av hennar mot og evne til å halde humøret oppe hjå medfangar i tysk fangenskap. 
 
Abelone dreiv handel frå eiga Krambu på Møgster i Austevoll, og var ein av kvinnene i regionen vår som tidleg livnærde seg sjølv. Det same gjorde menighetssøster i Stord, Haldrid Gilje, og forfattarinna Torborg Nedreaas, som har sterke band til Stordsamfunnet  i tiåra før og etter andre verdskrigen. Konservator Tore Lande Moe ved Sunnhordland museum syner i sin artikkel ”Ut av heimen – inn i arbeidslivet, kvinnearbeidsplassar i Sunnhordland i 150 år”, korleis kvinnene i Sunnhordland litt etter litt har teke steget ut i løna arbeid.
 
Me vert òg kjende med kvinner som stod i eit aukande politisk engasjement hjå kvinner i regionen vår på 1970-talet, skrive av Kjellbjørg Lunde, den første kvinnelege stortingsrepresentant frå regionen vår. Ho var også ei av dei kvinnene som tok steget inn i lokalpolitikken ved valet i 1979 då 13 kvinner blei valde inn i kommunestyret i Stord, sju meir enn i 1975. Frå kvinnelaget kom og initiativet til å starte Naudtelefon for kvinner og Krisesenter for kommunane i Sunnhordland.
 
Det skal noko til at alle artiklane i ei slik årbok fengjer like mykje. Men svært mykje av dette er interessant og spennande lesing, og eg veit mykje no som eg ikkje visste før. Til dømes at klagen frå ei ung kvinne frå Spissøy var den direkte årsaka til at den vidgjetne Armauer Hansen vart frådømt stillinga si.