Nina AarBø Olsen. Foto: FP-arkiv/HCH

Både Nina Aarbø Olsen og Bjarne Skumsnes sprang inn til sterke tider under «Bruløpet» på Stord i går.

-Nina sprang inn til 3.plass med tida 1:39.39, eit fattig sekund bak andreplassen. Dette er så langt statistikkutvalet i Fitjarfriidretten kan sjå, den beste halvmaraton av ei Fitjar-kvinne gjennom tidene.

Magne Skumsnes kom inn til ein solid 7.plass uansett klasse med 1:33.24.Og utan at det er ført spesifikk statistikk på det, har han neppe mange 60-åringar+ føre seg på halvmaratonlista i Fitjar, han heller, skriv Bård Inge Bø til fitjarposten.no.

Magne Skumsnes. Foto:FP-arkiv/HR