Fitjar Racingteam markerte seg sterkt med 2. plass til Håvard Helland og 4. plass til Arild Vik, under opningsrunden i Vestlandsmeisterskapen i rallycross i Vikedal i helga. Arild vart i tillegg beste vestlending i Noregscup`en.

Arild stiller i år i Rallycross Nasjonal inntil 2400 ccm, Håvard i Rallycross Nasjonal over 2400 ccm.
-Etter ein hektisk fredagskveld for mekanikarane våre og Håvard, etter å ha funne bremseproblem på bilen siste dagen før løp, starta vi opp laurdag, uten å ha fått køyrt bilane ein meter før vi stillte opp.Denne dagen måtte difor berre gå ut på litt prøving å feiling, men likevel ville vi prøve å nå eit stykke opp, fortel Arild til Fitjarposten.no, og fortset:
-Håvard fekk i første heat problem med at ein del knakk inni girkassen. I heat nr. 2 kollapsa ein støytdempar bak, slik at  bilen ikke vart  køyrbar etterpå. Dermed valgte Håvard å  stå over 3. heat, og reiste for å få tak i nye demparar bak, for å  bli klar til neste dag !, får me vita.
Arild opna i første heat med ein snurring 2 svingar før mål, etter eit forsøk på forbikjøring frå 2. til 1. plass i dette heatet. Bilen var veldig understyrt, og dekkene framme passa ikkje til dette føremålet, sjølv om dei var anbefalt av profesjonelle, og kjøpt i god tro.
I 2. heat på Dag 1 var Arild litt sein i starten, men kjørte greitt igjennom og fekk ein brukbar tid, og i 3. Heat klinte han til med en heatsiger, og følte at ting begynnte å gå vegen.
Tidene i innleiande heat denne første dagen, heldt til eit 4 spor i B-finalen, og etter denne finalen endte Arild Vik på en 8.plass sammanlagt i første NC & VM runde 2007.
Det var ingen fra fra Vestlandet som klarte noko betre resultat enn Arild i denne klassen.
Søndag gjekk 2. runde i Vestlansmesterskapen, og både Håvard og Arild opna denne dagen med kvar sin heatsiger, og så lyst på resten av dagen ! I 2. heat hadde Håvard nok ein topplassering, mens Arild blei nr. 2 i sin klasse. I 3. Heat fekk Håvard ein 2. plass, og Arild ein 4. plass, etter at stor nedbør  begynte å gjere kjøringen enda mer krevjande. Banen var etterhvert blitt såpeglatt, og sørpete. Desse plasseringane  i innleiande gav Arild eit 5 spor i A-finale, og Håvard eit 2. spor i A- finale, i kvar sin klasse. Etter endt køyring i desse spennende finalene fekk Arild ein 4 plass, og Håvard ein 2.plass.