Coaching i verdsklasse gav Fitjar to mål i sluttminutta, og tre poeng mot det desiderte botnlaget Hovding.

På stillinga 1-1 vel 10 minutt før full tid sette Fitjar-trenar Kjell Træet innpå Sebastian T. Thomassen i angrepet, og flytta samstundes midtstoppar Jan Åge Tislevoll fram. Dette var nok til å avgjera ein kamp som blei mykje jamnare enn me liker å tenkja på.

Sebastian la først inn til Jan Åge, som gav Fitjar leiinga 2-1, før han kort tid etter fekk gleda av å setja ballen i det tomme buret etter innlegg frå spisskollega Jan Åge.

Med 3-1 tre minutt før full tid burde kampen vore avgjort, men Hovding kom tilbake og reduserte til 2-3 minuttet etter. Dermed blei det ei særs stressande avslutning, før dommaren bles av kampen knapt fem minutt på overtid. Til stor glede for Fitjar-leiren, som var meir fornøgd med poenga enn spelet etter dagens kamp.

Hovding ligg heilt fortapt i botnen av tabellen, og burde har vore eit lett byte for trygt plasserte Fitjar. Men Kjell Træet sine utvalde menn heldt fram der dei slapp i førre seriekamp, og let utruleg nok  Hovding ta tak i kampen. Med ein midtbane som på papiret bør kunna spela skjorta av dei fleste, i alle høve det desiderte botnlaget, sleit dei mot aggressive heimespelarar, som ofte var først på ballen.

Som kjent er det på banen og ikkje på papiret dei fleste fotballkampar blir utkjempa. Og me fekk ikkje sjå så mykje fint spel av Fitjar denne gongen. Rett nok kom dei til ein del målsjansar, men utan Thomas V. Waage på banen var ikkje sjansane store nok.

Etter to minutt i andre omgang trudde me Fitjar hadde fått kampen inn i sitt spor, då dei gjekk opp til 1-0 ved Goff Artsamai. Han møtte det fine innlegget frå Badi Hurashi, og sette ballen hardt i nettaket. Men glade Fitjar-spelarar let snart Hovding vera først på ballen igjen, og fem minutt seinare kom Daniel Å. Rødbotten åleine med Fitjar-midtstopparen etter ei fin pasning frå høgrevingen. Han runda elegant og sette ballen kontrollert bak Oddgeir Træet i Fitjar-målet.

Hovding heldt fram med å pressa høgt, og gjorde Fitjar-spelarane usikre. Sjølv om Fitjar hadde dei fleste sjansane, var det klart for alle og ein kvar at kampen kunne vippa begge vegar. Både for Fitjar-benken og dei tre heimetilskodarane på tribunen. Men det taktiske grepet frå trenar Kjell Træet avgjorde kampen for Fitjar, som no ligg pent til på femteplass på tabellen i 4. divisjon med sine 21 poeng.

Etter dagens kamp må som vanleg Badi Hurashi, Helge Træet og Kjell André Thorland få godkjent, medan fleire av dei andre spelarane er ute av form. Det er heldigvis ikkje Sebastian T. Thomassen, som blei tunga på vektskåla for Fitjar denne gongen.

Ingressbilete: Hovdingforsvaret er utspelt, og Sebastian T. Thomassen set ballen i det tomme buret. Foto: Kjetil Rydland.