Medan me i fjor talde til litt over 160 deltakarar, måtte me i år plusse på med 100 og vel så det. Fitjarposten talde til 275. Og endå fleire kom. Truleg vart det rundt 300 til slutt.  Det er ny rekord for basaren i Færøysund som i år vart arrangert for fjerde gong. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mykje var elles likt med fjoråret.

Framleis går inntekta av arrangementet til eit jordbruksprosjekt som organisasjonen Société Agricole Mbé driv i Kamerun – ein organisasjon som vart starta av mannen til Molfrid Sandvik, Emmanuel Aoudi Chance, og prosjektet er eit hjelp til sjølvhjelp-prosjekt for fattige bønder.

Chance hadde sjølv ei svært bra og opplysande innføring om prosjektet under basaren. 

Det heile vart leia av Harald Johan Sandvik som las frå Salme 121. I år fann han særleg grunn til å takka Gud for godvêret. At det etter alt regnvêret i det siste skulle bli ein solskinsdag som i dag er ikkje noko anna enn eit bønesvar, meinte han,  før han  let folk få del i den spennande historia til Færøysund og Hummarparken.

Harald Johan Sandvik fortel. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mat og drikke
Grillane var varme når folk kom, og i tillegg til at folk kunne meska seg med sjølvgrilla godsaker, fekk dei både kaker, bollar, kaffi og saft gratis. I år som i fjor.

Grilling. Foto: Håkon C. Hartvedt

Søskenbarn til Harald Johan John Willy Sandvik var som vanleg «leigd inn» for å leie sjølve basaren, og han kom vel ifrå det dette året òg.
Foto: Håkon C. Hartvedt

Kunstauksjon
Nytt av året var kunstauksjon. Ein del lokale kunstnarar i tillegg til tyske Christiane Hurni, hadde donert eigne kunstverk til basaren.

Størst rift var det om akvarellane til Hurni, særleg dei  med motiv frå sjølve Færøysund. Men fleire av dei andre sine kunstverk gjekk òg til gode prisar.

– Flott gjort av kunstarane som med dette gav basaren  ein ny dimensjon, synest me.

Rundt 100 000
Harald Johan Sandvik fortel til fitjarposten.no i kveld at dei har notert eit bruttoresultat på 104 800 kroner.

– Men me har ikkje hatt fleire utgifter enn at me trur at me kjem ut med eit nettoresultat på 100 000 kr, legg han til. 

Ungdommelege, eldre damer: Tordis Eide og Else Hovland Foto: Håkon C. Hartvedt

Anna Sandvik Bø med Prins hadde det òg fint på basaren. Foto: Håkon C. Hartvedt