Johannes Sandvik Bø jublar for sølvmedalje, sjølv om han måtte strekkja våpen for den beste 600-meterløparen i landet i denne klassen, Sigve Lillebø. Foto: Kjetil Rydland.

Maren Rydland sørgde for ein flott opning av Stordleikane då ho gjekk heilt til topps på 600 meter på Vikahaugane fredag ettermiddag, men fleire lettbeinte fitjargutar hevda seg nesten like bra i klassane sine.

Maren opna litt forsiktig på 600 meter, men ho gjekk heilt til topps elleveårsklassen etter eit veldisponert løp. Ho gjekk fram i teten i siste sving, og vann på den sterke tida 1.59,49, som er ny personleg rekord. Det er tydeleg at Maren har stort potensial i denne øvinga, noko som heilt sikkert vil visa seg endå betre med meir spesialtrening.

 

Marius Pedersen og erkerival Amund Hella Berge-Soldal frå Uskedalen. Foto: Kjetil Rydland.

 

I tolvårsklassen stilte lettbeinte Marius Pedersen opp som ein av favorittane. Som vanleg blei det ein duell mellom den lettbeinte fitjarbuen og den langbeinte uskedølen Amund Hella Berge-Soldal. Marius gjekk hardt ut og drog for å unngå lureløp, og ha sjanse til personleg rekord.

Amund Soldal hang på, og passerte vår mann på siste langside. Vinnartida til uskedølen blei 1.42,06, vel eitt sekund føre Marius, som sette ny pers på 1.43,20. I denne klassen kom Bjart Sandvik inn på 2.05,02, rett bak eigen pers.

I 13-årsklassen stilte Johannes Sandvik Bø opp mot den beste 600-meterløparen i Noreg i denne klassen. Vår mann har hatt stor framgang i år, og heldt lenge følgje med Sigve Lillebø. Johannes hengde seg på den harde opninga til Lillebø frå start.

Dei passerte 400 meter på 61-62 sekund. Lillebø heldt tempoet heilt inn, medan Johannes måtte sleppa litt siste 100 metrane. Vinnartida til Lillebø blei knallsterke 1.34,40. Tida 1.37,41 er personleg rekord for Johannes Sandvik Bø.

- Annonse -

I 16-årsklassen stilte Marius Torbjørnsen opp utan å yta full innsats på 600 meter. Men han kjem sterkare att i morgon undre høgdekonkurransen. Fitjarposten kjem att med ei oppsummering av innsatsen etter at alle øvingane er over på søndag. Inkludert rekruttar er heile 17 Fitjar-utøvarar melde på Stordleikane, og dei som har høve til å ta seg fri frå Fitjarfestivalen, har mykje å sjå fram til på Vikahaugane i helga.

Dan Torbjørnsen og dei andre Fitjar-supporterane har mykje å sjå fram til i helga. Foto: Kjetil Rydland