Mimrekvelden om Rasmus Rydland og Fitjarkvartetten i Fitjar bedehus, søndag kveld, vart ei sterk og god oppleving.

Det var unekteleg spesielt å høyre Harald, Tom og Arve framføre songane som faren Rasmus, vart så kjend for, langt utover lokale samanhengar. Flott var det òg. Dei tre gjenverande medlemane av Fitjarkvartetten er like samspelte som før, og dei vart i tillegg godt backa opp av Harald Rydland på trekkspel og Steinar Vik på el. slagverk. I tillegg fortalde dei historiar. Og det kan desse gutane. Så låtten runga tidt og ofte gjennom forsamlinga.

For alle oss som minnes Rasmus vart kvelden ei oppleving av dei store. Tusen takk!

For dei som ikkje har fått med seg dette programmet, verken i Øvrebygda eller på Fitjar, vil det vere ein sjanse til, i òg med at karane vil spela eit lite utdrag av desse songane under "Minnest du songen-arrangementet" i Fitjar bedehus 30. september.