Under kransenedlegginga for dei falne har det dei siste åra blitt tradisjon å henta fram historia til ein eller fleire av dei falne som det er reist støtte over på kyrkjegarden. Slikt vart det i år òg.

Denne gongen var det soga til Gunnar Aarbø, f. 1917, ordføraren tok utgangspunkt i. Gunnar jobba som stuert på ein Kjødebåt, Dagny 1. På veg frå Svalbard til England angreip tyskarene båten med fly utanfor Torshavn på Færøyane. Første bomba trefte byssa. Den neste maskinrommet. Fem av mannskapa omkom, mellom dei Gunnar Aarbø.

Ordførar Wenche Tislevoll fortalde vidare at Gunnar var son til Kristian Olai og Brita Gurine Aarbø. Dei hadde tre søner som segla ute under krigen. Men berre Gunnar omkom.

At den eine broren til Gunnar, Kristian, f. 1918, overlevde krigsåra er heilt utruleg. Ordføraren kunne fortelje ei uhyre dramatisk historie om torpedering i opprørt hav der bølgjene var «høge som fjell»; om endå ein tropedering der skipet Kristian var på gjekk ned, eit angrep der båten såg ut som ein tesil av maskingeværhol etterpå – og om meslingar, difteri og meir til. 

Kristian segla heile krigen. Han gifta seg med ein sjukepleiar som heitte Mary, budde i Glasgow til 1947 og flytta så til Dyvika i Sagvåg. Han er mellom anna far til Elise Aarbø.

– Med stor takksemd og ære minnest me dei som gjorde teneste og dei som fall i teneste under andre verdskrig, slutta ordførar Wenche Tislevoll.