Ein liten, men slagkraftig delegasjon frå Fitjar tok i helga den nye, flotte friidrettshallen på Leikvoll i Åsane i nærare augesyn.

Igjen var det flaggskipet vårt, Tone, som viste ungdomar frå heile Vestlandet kvar skåpet skal stå!

1.-plass på 60 m med knalltida 8,46 og personleg rekord.

1.-plass i lengde med 4,75 m og personleg rekord.

2.-plass i høgde med 1,40 m og personleg rekord

og ein 8.-plass på ein litt meir middelmåtig 200 m, etter eit tett og hardt stemneprogram. Dei tre første resultata er alle i den ypparste noregseliten for jenter 13 år!

Andreas Vik og Tor André Spissøy (G-13) viste også at dei har ting på gang. Begge heldt nervane iskaldt i sjakk i høgde med 1,25 m (Andreas, personleg rekord) og 1,15 m (Tor Andre, personleg rekord). På 60 m sprang dei inn til dei fine tidene 9,79 (Andreas) og 10,17 (Tor André).

Også Oda Rydland leverte ein flott kulekonkurranse. Ho nådde nok ikkje opp mot sitt maksimale, men finaleplass og til slutt 6.-plass med 8,10 m lar seg absolutt høyre i den tette og harde konkurransen.