Omsetnaden for 2014 syner ein vekst på 11% for Bondens marked det siste året. –På Bondens marked veit du hva du får: sporbar mat laga på ein handverksmessig måte. Arkivfoto:FP

Det er gledelig at mange forbrukere setter pris på å kjøpe kvalitetsmat direkte fra produsentene, seier dagleg leiar Randi Ledaal Gjertsen i Bondens marked Norge i ei pressemelding.

Totalt landa fjorårets omsetnad på nesten 58 millionar kroner. Både Trondheim, Lillehammer, Oslo, Sogn og Fjordane, Drammen og Agder auka mykje i fjor, så populariteten merkjast over heile landet.  Julemarknadene var særs vellukka i fjor, både i Oslo og Trondheim.

– Bondens marked har bidrege til mykje folkeopplysning om norsk landbruk, og til auka interesse for lokal mat og matkultur, fortel Gjertsen.

Bondens marked er i dag på om lag 20 ulike plassar i Norge, frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Det langsiktige målet er å ha marknader i alle store byar kvar laurdag i sesongen.