Fitjar fekk med seg heim tre poeng etter kveldskampen mot Tornado Bergen i går.

Fitjar tok initiativet i kampen frå start av, og det meste føregjekk på Tornado sin banehalvdel.
Men utteljinga let venta på seg til 10 minutt før pause. Mats Brakedal tok med seg ballen, og frå vel 20 meters hald klinka han ballen opp i hjørna og forbi Tornado sin målvakt, ei flott scoring!

Bortelaget tar med seg ei fortent leiing inn til pause, men frå start av i andre omgang er det Tornado som er best. Dei er meir agressive og pressar Fitjar høgare oppe i banen uten at laget produserer mange sjansar. Dei situasjonane som oppstår er Oddgeir Træet ute i feltet og plukkar sikkert. Eller så ryddar midstopparane Helge Træet og Nils Ingar Tislevoll godt opp.

Etter eit kvarter går lufta meir ut av heimelaget, og Fitjar overtar meir av banespelet igjen. Bortelaget er giftige på hurtige overgangar iscenesatt av Fitjar sin gode midtbanetrio Kjell Træet, Kjell Andre Thorland og Øyvind Fykse Lie.

Ronald Skår og Leif André Tangen har til saman fire-fem feite målsjansar uten å lykkast. Når så innbytar Geir Steffen Tranøy set inn 2-0, er kampen avgjort, 15-åringen scorar dermed sitt tredje seriemål på seniornivå.

Fitjar har denne sesongen vore klart best på bortebane, og tok sin fjerde strake bortesiger i haust.

Alle spelarane som var i aksjon laurdag, rosar A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker.

No har Fitjar to heimekampar på rad; første kampen er lokaloppgjeret mot Solid førstkommande fredag.