Fitjar sine 14-årsgutar kjempa seg til ein 5-3-siger borte mot Trio/Halsnøy tysdag kveld.

Ein lang dags ferd mot natt enda med siger og tre kjærkomne poeng for 14-åringane i går. På kunstgrasbanen Kvednabekkjen på Husnes møtte dei det einaste sjuarlaget i serien, eit lag som ikkje er vant med å tapa.

Det var Fitjar-gutane som kom best i gang, og kom til fleire målsjansar etter fine raid av Hafsteinn Runarsson og Arild F. Waage. Spesielt Markus H. Tislevoll var nær scoring på eit fint skot. Men det var heimelaget som scora først, etter kjapt angrepsspel. Arild Fitjar Waage kvitterte på eit fint langskot fem minutt seinare, berre for å sjå at Trio/Halsnøy gjekk rett i angrep og scora 2-1. Den same Arild utlikna på eit flott skot i vinkelen nokre minutt seinare. Og Fitjar hadde fleire sjansar til å ta leiinga.

Men så fekk Arild gult kort, og fem minutt på sidelinja, for ei klønete takling, som såg styggare ut enn ho var. Dermed blei det mykje meir plass for heimelaget sine spelarar. Dei overtok banespelet og hadde eit utal sjansar. At det berre blei ei scoring ti, og 3-2 ved pause, skuldast flaks og god kjemping av heile laget til Fitjar.

Andre omgang heldt fram i same sporet. Heimelaget dominerte stort med mykje kjapt angrepsspel. I byrjinga av omgangen skulle nok heimelaget hatt 4-2 på sjølvmål i Fitjar-forsvaret. Ballen såg ut til å vera inne i Fitjar-målet, men gjekk i eit hjul under mål og kom ut att på banen. Der kunne Trio/Fitjar ha avgjort kampen, men då det ikkje skjedde, fekk Fitjar sjansen til å kjempa seg inn att i kampen. Børge Skaar utlikna til 3-3, og etter kvart tok Fitjar meir over.

To scoringar av Hafsteinn Runarsson i løpet av dei siste 10 minuttane gav Fitjar ein litt heldig 5-3-siger. Men dei kjempa hardt for poenga, og då er det ekstra kjekt å lukkast. Utan jamt god kjemping av heile laget kunne dei blitt overkøyrde denne kvelden. Og sjølvsagt er det viktig med ein god keeper, som drog fram fleire matchvinnarredningar med beina.

Etter den sterke sigeren på Husnes ligg Fitjar-gutane på toppen av tabellen for G14 2. divisjon.

Ingressbilete: Kristian Prestbø og resten av 14-åringane spela ein god kamp på Husnes tysdag kveld. Foto: Kjetil Rydland.