Glade fitjarjenter etter sigeren over Dale. Foto: Siv Marita Helland.

På laurdag var Fitjar sitt J13-lag på tur og vann ein sterk bortesiger mot Dale.

I fråvær av den faste trenaren reiste to mødrer av garde med gjengen, og Vivian Pletten Haugen har sendt oss ein rapport full av handballglede:

«Fitjar sitt J13-lag spelte i helga bortekamp på Dale, mot Dale, og resultatet blei 6-5 til Fitjar.

Det var ein godt motivert gjeng som reiste av garde, til trass for at nokon syntest det var tidlig på ein laurdag.

Vel framme møter me eit lag som er på heimebane, dei har stor heiagjeng. Fitjar har ingen innbyttarar denne gongen, motstandaren har fem. Då lagleiar for Fitjar får beskjed av dommar om at innbytarar kan bruke tilvist benk, men forstår at slike ikkje finst, er svaret «oidå»! – med eit blikk på den fulle innbytarbenken til heimelaget.

Kampen er i gang, og Fitjar opnar sterkt med to kjappe mål. Deretter vert det ein jamn, god kamp. Fitjar speler knallbra, samarbeidet og samhaldet viser supert lagspel.

Med tanke på at laget vart nydanna i fjor, og at jentene kun har trent handball eit år, må ein seia at utviklinga jentene viser, er enorm.

Fitjar vinn over Dale 6-5, dei har møtt god motstand, spelt utan innbyttarar (20 + 20 minutt), reist langt utan sin faste trenar, men med to overivrige lagleiarmødrer på trenarbenken.

Fitjar får under kampen to utvisningar, grunna uheldig armstilling – motstandar får då to mål på straffekast – og Fitjar spelar dermed delar av kampen med éin mindre utpå.

Før kampen, vert laget lokka med nyinnkjøpte kokosboller, som dei skal få etter endt kamp. Dette vert dagens humoristiske lokkebolle. Då kampen er inne i sitt siste minutt, og stillinga er 5-5, ropar entusiastisk lagleiarmamma frå benken «kjenn på din indre kokosbolle!!!» –  «kom igjen Fitjar!» Og Fitjar får inn nok eit mål.

For ein kamp! Sekretariat, dommar, ja alle er imponerte og syntest at kampen var god og veldig spennande. Me er kjempeglade, gledestårer blandar seg med sveitte, og jentene er «bare såå fornøgde med seg sjølv. Det har dei all grunn til!

Heia Fitjar!»