Ein smilande Daniel Skarpnes ved Larsen Multihandel leverer ut postpakkar. Foto: Kjetil Rydland.

Netthandlarar i Vestland fylke bestiller langt fleire pakker leverte av Posten. I andre kvartal var auken på 60 prosent målt mot same periode i fjor, og i Fitjar ligg me rett under gjennomsnittet, med 57 prosent.

– Veksten har vore formidabel for alle typar netthandelspakkar. Det er ingen tvil om at koronasituasjonen har vore ein utløysande faktor. Vi hadde sett for oss ei jamn auke, men vi er no på eit nivå som vi trudde vi skulle vera på om to til tre år, seier pressesjef Kenneth Pettersen i Posten.

Auke i netthandelen på 57 % i Fitjar – litt under snittet

Av ei pressemelding frå Posten AS går det fram at netthandelen har auka med over 60 prosent på landsbasis, altså litt over snittet i Vestland fylke. Gulen var kommunen i Vestland som hadde størst auke, med 77 prosent, medan Ulvik ligg lågast, med 40 prosent. Bergen hadde ein auke på 67 prosent.

Av statistikken for Vestland fylke går det fram at Fitjar ligg nokså midt på, med sine 57 prosent. Tysnes og Austevoll ligg høgare, med ein auke på høvesvis 69 % og 60 %, medan auken i Stord er på 54 %.

Alle fylka i Noreg hadde ein vekst på meir enn 50 prosent i andre kvartal, som omfatter april, mai og juni. Størst var auken i Oslo, med 86 prosent. Dei to nordnorske fylka Nordland og Troms og Finnmark hadde noko lågare auke, med 52 prosent.

– Netthandlarane ser fordelar med dei nye tenstene til Posten

Pressesjef Kenneth Pettersen i Posten reknar med at talet på pakkar vil stabilisera seg på dette høge nivået når situasjonen i samfunnet har normalisert seg.

– Ikkje minst trur vi at netthandelskundane ser fordelane med mange nye tenester Posten no leverer, som heimlevering, der pakkane blir lagde i postkassen eller på annan avtalt stad, eller blir leverte på døra. Dette er i løpet av kort tid blitt nye vanar å få levert netthandelspakkar på, seier han.

– Det er interessant at netthandlarane både i byar og i område med færre innbyggjarar synest det er attraktivt å handla med hjelp av Posten. Vi utviklar no stadig nye tenester og jobbar også med at våre leveransar skal bli mest mogleg miljøvennlege og klimanøytrale, seier Pettersen.

– Ikkje overraskande, seier Vidar Larsen

Vidar Larsen blir ikkje overraska når han får høyra om netthandelsstatistikken. Som kjent er det Larsen Multihandel som har Post i butikk på Fitjar.

– Me ser jo den store mengda med pakkar, seier han, og vedgår at han ikkje berre er begeistra for utviklinga.

Grafen viser veksten i netthandelspakkar som Posten har levert i 2. kvartal 2020 målt mot same periode i 2019. Illustrasjon: Camilla Kvien Jensen.