Fitjar sitt A-lag i fotball låg under 4-0 etter første omgang i bortekampen mot Rosendal, laurdag. Men så reiste fitjargutane seg.

Rett nok fekk dei ikkje med seg poeng heim, men dei klarte å utlikna til stillinga 5-5, før Rosendal stal poenga ifrå dei med ein skåring 2 minutt på overtid.

-Innsatsen i 2. omgang lovar godt, og vitnar om fin framgang, heiter det frå ein av våre lesarar.