Frisørsalongen Duo ønskjer trivelegare lokale og startar til helga ombygging av lokalet sitt i sentrum.

 -Det skal bli kjekt å gjere lokalet endå meir triveleg enn det er no, seier Elin Kvia Rydland til fitjarposten.no. Ho understrekar samstundes at ombygginga vil føre til at salongen må halde stengt frå fredag middag  til og med neste onsdag.

-Men torsdag i neste veke vil me vere på plass igjen, lovar ho og ønskjer både nye og gamle kundar velkomen.