Foto: SIM

– Renovasjon er definert som eit viktig samfunnsoppdrag, og henting av avfallet er ei oppgåve me har stort fokus på å oppretthalda. Situasjonen endrar seg raskt, men SIM sitt største fokus er at avfallet skal bli henta, melder SIM i ei pressemelding.

Dei vel no å stengja miljøsentralane og kundemottaket sitt frå og med tysdag 17. mars og inntil vidare, som eit tiltak for å hindre spreiing av Koronaviruset.

– Renovasjonsbilane går som normalt, men for at me skal vera i stand til å oppretthalde normal drift, ber me om at våre abonnentar tek omsyn til våre renovatørar og tilsette. Me ber òg om at folk sorterer rett og har stort fokus på at avfallet hamnar på rett stad slik at smittespreiing vert unngått, seier plan-innkjøp og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy.

Vil halde hjula i gang i det lengste

Ho fortel vidare at selskapet har utarbeidd beredskapsplanar for eventuelle situasjonar som kan oppstå. Det kan i sin ytste konsekvens føre til at ein lyt gjere prioriteringar i samband med renovasjonen, slik at ein kan sikre henting av avfallet heime hjå folk.

– SIM vil informere på sine nettsider, i media, facebook og sms dersom det skjer endringar som råkar våre kundar, opplyser Hillersøy, som oppmodar abonnentane om å halde seg til dei nasjonale retningslinjene som til ei kvar tid er gjeldande.