Kriseleiinga i Fitjar vil styrka smittevernet i kommunen, og stenger no ogso dørene på Havnahuset.

Tidlegare i veka skreiv me om Fitjar Frivilligsentral som har hatt ansvar for adgangskontrollen på Havnahuset sidan kommunen innførte det.

I kveld melder ordførar Harald Rydland at det vert slutt på ordninga for å styrka smittevernet på huset.

– Dørene på Havnahuset vert frå no av stengde. Dei som bur der har nøklar og kan komma seg ut og inn ved behov.

Det vert framleis visittid frå kl.17 til kl.18, men berre ein pårørande for kvart besøk.

– Ynskje om besøk kan meldast på vakttelefon 957 78 979, skriv Rydland.