– Fredag ettermiddag, me sit no i huset og reflekterer over dagens framføring av «Vindmøllemusikalen» som vart vist på Sommarrevyen i fjor.

Det er Heine Aarbø som skriv dette i ein stemningsrapport frå Høylandet i går kveld, og han held fram:

«I går var ungdommane på scenen og viste «Sagvågsbuen» med Ole André Westerheim, Audun Mehammer, Ingvild Oma og Marthe Volden Nordfonn. Ole André har litt problem med stemma sidan han kom opp her, men han gjennomførte nummeret fint sjølv om han var litt grovare i stemma enn normalt. Gjengen frå Fitjar vart og følgt av NRK Trøndelag, som hadde ein fin reportasje om dei i dagens morgonsending.

I dag blei Ole André og Audun med på scenen for «Vindmøllemusikalen» og støtta opp Ole Bergesen, Terje Træet og Henning Wichmann til ei flott framsyning av nummeret frå i fjor sommar. Elles kosar me oss, Ole har begynt å førebu seg til kveldens jobb som konferansier for kveldens revyframsyning. Festivalen er no gjennom 60 av dei 100 kvalifiserte nummera, så skal Ole leia ca 2000 besøkande gjennom dei 20 neste nummera i kveld, før dei siste 20 skal i elden kl 12 i morgon.

I morgon ettermiddag litt etter siste innleiande runde så skal me kjøra siste runde med gamle revynummer som har vunne prisar tidlegare på Høylandet. Så blir det finale i morgon kveld og prisutdeling.»