1. og 2. klassingane ved Øvrebygda og Sælevik skule fekk med seg både stemningsfull lesestund, lånekort, saft og lappar på Fitjar folkebibliotek i dag.

 -Det var gøyast når tigeren skulle til doktoren, ler tvilingane Andrine og Sebastian Korsvik saman med klassekameratane Elise de Fine Olsen og Elias Koløen Gravdal. Dei har akkurat fått med seg eit spennande eventyr om bjørnen og tigeren, lese av bibliotekar Silje V. Torbjørnsen, når me spør dei. Opplesinga vart vakkert krydra med tverrfløytespel av leiar i Kulturskulen, Anne Lene Østvold Jordåen.

Arrangementet var ein del av Norsk Bibliotekforening sin bibiotekstafett i samband med deira 100-årsjubileum.

– Stafetten starta i februar og skal halde på til jubileumsdagen 25. oktober. Målet med stafetten er å syne fram og feire mangfaldet av bibliotek i Noreg og alt som skjer der. I går var stafetten på Voss, i dag på Fitjar og i morgon står Austevoll for tur, fortel bibliotekar Silje V. Thorbjørnsen til fitjarposten.no.

I samband med stafetten vert det på kvart stopp tent eit spesielt boklys. Det tok ordførar Wenche Tislevoll seg av i dag.

– Eg er glad for at eg fekk lov å tenna boklyset, og glad for å setja fokus på biblioteket. For eg likar å lesa.  Lesing er flott både for å læra, for å oppleva, for å slappa av og som underhaldning og hobby. Som ordførar er eg veldig glad for det flotte biblioteket me har i Fitjar. Difor vonar eg at de òg vil nytta dykk av biblioteket. De kan låna bøker, lydbøker, tegneseriar, filmar, spel – heilt gratis. E da kje flott? sa ho, før ho tente boklyset.

Tislevoll kunne òg fortelje at i konkurranse med andre kommunar, ligg Fitjar mellom dei som har best utlån i Hordaland.