Utløpet av Longavatnet på Tislavoll, med utsikt nordover mot Svartasmoget. Foto: Kjetil Rydland.

 

Fossekallen er ikkje noko uvanleg syn ved elvar og bekker i Fitjar, men stemninga i skogen i dag var uvanleg fin.

 

På turen innover vegen mot Svartasmoget i dag kunne me gle oss over reine julekortstemninga. Berre ei einsleg motorsag i det fjerne braut stilla i skogen sør for Svartasmoget.

Me la turen til utløpet av Longavatnet, der tislavollsmannen henta vatn til drift av Tislavollssago ved Dåfjorden på 1700- og 1800-talet. I skogen møtte me ein liten gjeng som hadde slått seg ned for å grilla pølser.

Men elles var det ingen som uroa møtet med nasjonalfuglen inne i den trolsk stille skogen.

Fossekallen blei kåra til den norske nasjonalfuglen i 1963 etter ei lyttaravrøysting i NRK. Om du ikkje har høyrt han syngja, kan du høyra songen hans på nettstaden fuglelyder.net.

Fossekallen hoppa frå tue til tue. Foto: Kjeti Rydland