Grethe Angen med den første egentlege utstillinga si. Foto: Kjetil Rydland.

Kari Lønning Aarø og Jarle Langeland sørgde for ei stemningsfull opning av festivalutstillinga til Grethe Angen frå Stord, og me kan slå fast at det er mykje fint å sjå i Galleri Losjen under Fitjarfestivalen i år.

Mykje flott kunst har vorte stilt ut under Fitjarfestivalen dei siste åra, og i år er ikkje noko unnatak. Utan å dra fram dei mest djuptgåande analysane kan me slå fast at stordabuen Grethe Angen har mykje fint å visa fram, til glede for dei fleste av oss.

Kari Lønning Aarø med høvelege dikt til opninga. Foto: Kjetil Rydland.

Til Fitjar har festivalkunstnaren teke med seg eit variert utval av teikningar og måleri. Ho fortel at ho har teikna heile livet, og måla i snart 20 år. Men festivalutstillinga på Fitjar er den eigentlege debututstillinga hennar.

Grethe Angen fortel at ho likevel har selt ein del kunst allereie. Spesielt etter at ho stilte ut under Parallax Art Fair i London for to år sidan. Der var ho «independent artist» blant 300 andre kunstnarar, og knytte mange kontaktar som har vore nyttige i ettertid.

Kultursjef Bente Bjelland stod for dagens opning i Galleri Losjen. Ho hadde fått tak i Jarle Langeland til å syngja til eige akkompagnement og Kari Lønning Aarø til å lesa dikt. Dikt av blant andre Hans Børli, Einar Skjæraasen og vår eigen Oskar Stein Bjørlykke var med på å setja det noko tynne utstillingspublikummet på rundt 30 i den rette stemninga.

Me minner om at utstillinga er open heile festivalhelga, fredag, laurdag og søndag. Nytt høvet til å nyta fin og lett tilgjengeleg kunst i Galleri Losjen!

- Annonse -