Konfirmantane leia av kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu laga, saman med det nye ungdomskoret, dirigert av Ann-Sofie Drønen, gjorde sitt til at det vart ei stemningsfull lysmesse med ungdommeleg preg, søndag kveld.

Kyrkjelydsprest Nobu tala om Jesus som Guds lys, som alle som trur på Han har fått del i, og oppfordra  til å setje dette lyset i staken der det høyrer heime, og ikkje gøyme det bort.

Elles deltok konfirmantane med prosesjon, lystenning og tekstlesing. Og det nye ungdomskoret, som enno ikkje har fått noko namn, song to songar, ein julesong og ein tradisjonell gospelsong.

Som vanleg var det godt med folk til stades på denne gudstenesta.