Neste års konfirmantar gjekk inn i kyrkja med kvite kapper og tende ljos då kveldsgudstenesta starta.

Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu leia messa og tala om kven Jesus er, og at me menneske er skapte til å bli meir lik han. Det krev trening slik det gjer for den som til dømes vil bli god i karate. Konfirmantane deltok i gudstenesta på fleire vis, med ljostenning, tekstlesing og bøn. Inger M Slettebø og Marie M Oma var forsongarar. Ljosmessa vart ei fin innleiing til førjulstida for alle som var til stades i Fitjar kyrkje denne vakre vinterkvelden.