Det vart ikkje pris til Mariann Vestbøstad Marthinsen under årets Idrettsgalla. Årets namn vart Aleksander Kristoff og Sarah Louise Rung vart Årets kvinnelege funksjonshemma utøvar.

Men Mariann var altså nominert til to prisar: Årets kvinnelege funksjonshemma utøvar og Årets namn. Især er det å bli nominert til Årets namn uhyre sterkt.

No er VM det neste store idrettslege målet for skistjerna vår.