Ti meter over bakken er folk frå Fitjar-firmaet Tre & Hage AS er i ferd med å frisera lindealleen på Rommetveit. Dei som har sett folk høgt oppe i lindetrea ved høgskulen på Rommetveit, har sett folk frå Fitjar-firmaet Tre & Hage AS. Dei siste vekene har dei vore i full sving med å stella den flotte lindealleen etter alle kunstens reglar. Høgt i tretoppane klatrar to mann og klipper kvistar, medan to mann er på bakken og tar imot kvistar og ser til at ikkje forbipasserande blir utsette for fare.

Firmaet til Stig Kjoberg Almås og Kjetil Lønning, Tre & Hage AS, er ein totalleverandør innan hage og grøntanlegg. Det er det einaste mellom Stavanger og Bergen som har kompetanse til å ta på seg eit slikt oppdrag, og dette er tredje gongen dei gjer jobben. Oppdragsgjevar er Statsbygg, som eig skulen, både bygningane, trea og alt som høyrer til. Dei er nøye på at jobben blir gjort på ein fagmessig god måte.

Jobben må gjerast kvart tredje år, og går ut på å klippa 72 store lindetre. Kvart tre har rundt 1200 kvistar som skal kuttast, så det blir mange kvistar, over 85 tusen i alt! Dei fleste trea er 12 – 15 meter høge, så ein bør ikkje ha høgdeskrekk. Og ein bør vera lett i hamsen og flink til å klatra for å fungera oppe i tretoppane.

Det ser ikkje ut til at verken Stig Kjoberg Almås eller Frode Kloster kvir seg det minste for å klatra til topps. Stig fortel at han er sertifisert trepleiar, noko som er ein føresetnad for at firmaet kan ta på seg slike oppdrag. ETW (European Tree Worker) sertifisering er ikkje ein fagprøve, men ein prøve som Stig K. Almås må gjennom for å bli sertifisert. Kvart tredje år må sertifikatet fornyast for å halda på kompetansen.

Stig fortel at det blir skipa slike kurs her på Vestlandet, men ein viss bakgrunn er nødvendig på førehand. – Ein må ha kjennskap til biologi, til oppbygginga av treet, planting, rota og korleis treet oppfører seg, seier han. I tillegg inneheld kurset klatring og bruk av motorsag.

– Men her bruker me ikkje motorsag, fortel Kjetil Lønning. Dette er handarbeid, her bruker me berre handsag og handsaks! Frode Kloster vedgår at han var stiv i fingrane etter den første veka med saksa. Men etter kvart har det gått betre. Behandlinga av lindealleen på Rommetveit kallar Kjetil for knutekolling, og det er ikkje alle treslag som kan behandlast på denne måten.

– Dersom du blir inspirert av oss og prøver å gjera det same med bjørk eller bøk, vil du øydeleggja trea, fortel Kjetil Lønning. Men lindetrea toler det, og har blitt behandla på denne måten i nærmare 50 år. Trea i alleen var heilt vanlege fram til slutten av 1960-talet, då mange av dei rotvelta, fortel Stig Almås. Då blei trea retta opp at og klipte til slik som dei er no.

Den karakteristiske utsjånaden får trea av knutane der kvistane blir kappa av. Når trea blir stelte, kuttar me kvistane av på akkurat same plassen som for tre år sidan. Dette er altså eit presisjonsarbeid, etter det me forstår. Dei spesielle knutane har frå rundt 10 til 80 kvistar, fortel Stig, som naturleg nok ikkje har talt kvistane på alle trea han har frisert.

Medan Frode Kloster og Stig Almås klatrar som apekattar – i dertil eigna tryggingsutstyr – held Kjetil Lønning og Kjell Robert Nilsen seg på bakken. Hovudjobben deira er å samla 80 – 90 tusen kvistar som kjem dalande frå himmelen. – Men også denne jobben krev kompetanse, fortel Kjetil Lønning. Me arbeider der folk ferdast, og må unngå farlege situasjonar. Folk som passerer på bakken, tenkjer ikkje på at det er folk oppe i trea, så me må passa på, og derfor er me pålagt å ha arbeidsvarslingskurs.

Kvistane som kjem ned på bakken, blir samla i rankar, slik at dei er lette å ta igjen. Ein gong i veka køyrer dei kvistane gjennom fliskuttaren og rett opp i storsekk på pall. – Flisa bruker me i beda på høgskulen i staden for bork, seier Kjetil Lønning, godt fornøgd med at han får brukt «avfallet» frå klippinga.

Stig Almås og Kjetil Lønning let til å vera godt fornøgde med vinteren, i motsetnad til oss som har gått og venta på snø og is. Takka vere det gode arbeidsveret og gode kundar har dei i vinter hatt meir arbeid enn nokon gong på denne tida av året, med for tida ni personar i full sving. Snø på trea ville naturlegvis gjort jobben vanskelegare og meir tidkrevjande. Dei fortel at dei liker slike store oppdrag som kan gjerast uansett ver og vind.

Når det gjeld Høgskulen, har Tre & Hage AS ein fast vedlikehaldsavtale med Statsbygg, noko dei ivrige trepleiarane set stor pris på. Denne avtalen omfattar og Sunnhordland tingrett (sorenskrivaren), den tidlegare sjukepleiarskulen på Ådland og Fiskarfagskulen Austevoll. Dei liker store faste oppdrag, som andre entreprenørar, men set og stor pris på alle hageeigarane som gjennom året ynskjer kompetansen deira innan gartnarfaget. Dei som nærer same interessa som dei sjølve: Godt stell av tre og buskar.

Ei som deler denne interessa er Ragnhild Lunde i Statsbygg Vest, med kontor på Høgskulen. Ho har ansvaret for alt utomhus på eigedommen, og seier dei har lyst å ta vare på den særmerkte alleen lengst mogeleg. Derfor må han friserast med jamne mellomrom; elles vil han få for stort vindfang, og trea kan rotvelta. Tre og Hage har vunne konkurransen om oppdraget dei siste gongene, og ho er særs fornøgd med jobben som har blitt gjort.