Ho kjem ikkje til Fitjar, men laurdag 9. juli kan du likevel høyre norsk Grand Prix-vinnar Stella Nyambura Mwangi, om du tar turen til Tysnesfest.

Stella Nyambura Mwangi er ein norsk songar,  låtskrivar og komponist av kenyansk opphav. Ho vann som nemnt den norske finalen i Melodi Grand Prix 2011 og skal representera Norge i den internasjonale finalen i Düsseldorf i mai 2011.

– Stella Mwangi skal opptre under marknadsdagen laurdag 9. juli, og Tysnesfest gler seg stort til å sjå «Haba Haba» framført, heiter det i ei pressemelding frå arrangørane som vidare understrekar at Tysnesfest ynskjer å tilby gode navn også på dagtid under festivalen.

– Me er opptatt av at alle aldrar skal få eit godt tilbud på festivalen, og er stolt av å kunne presentere ein marknadsdag med eit breitt innhald, skriv dei.