Ei steinblokk på 300 kg ligg delvis ute i vegbanen på F545, like sør for Rydlandssaga.

Det var like før klokka 14.00 i ettermiddag at politiet fekk melding om saka.

– Vegtrafikksentralen er orientert og har sendt folk til plassen, opplyser operasjonsleiar Johan Inge Særsten til fitjarposten.no