Nyleg hadde 1. – 7. klasse ved Øvrebygda skule temadagar i Hellandsfjorden med sjø og strandliv i fokus. Ein stor steinbit var blant opplevingane som fekk stor merksemd. Her har alle fått fiska, padla kano og gått tur, og kvar dag har det vore mogleg å grilla seg ein matbit på bål i matpausen. I tillegg har foreldre stilt med båtar til fisking og turar i fjorden, opplyser Ingrid Hovstad.

Me har hatt temadagar for å læra om sjøen og livet der. Me takkar foreldra som kunne vera med på dette. Uten dei hadde det aldri latt seg gjennomføra, seier Ingrid Hovstad til slutt.