Fitjarfirmaet Rimsvarde AS er blitt inkubatorbedrift i Atheno.

Rimsvarde er leverandør av steinløysingar og -system til både store og mindre byggjeprosjekt. Verksemda vart etablert i 2006 av Hans Gustav Mussland, Vest Utvikling AS, Terje Breivik og Paladio AS.

Eierkonstellasjonen i Rimsvarde får skryt for solid forretningskompetanse og bransjekunnskap som Atheno ønskjer velkommen til industri-inkubatoren. Firmaet er òg involvert i en utviklingsprosess med Proxima Services AS, i Årskog.

Innovativ i steinmarkedet
Av pressemeldinga går det vidare fram at Rimsvarde har fleire innovative spesialdesigna steinprodukt i utviklingsfase, mellom anna eit mursteinsystem for uteområde.

Drar fordeler av internasjonal og lokal kompetanse
Videre har selskapet solide og dyktige internasjonale samarbeidspartnarar i Kina, som er verdas største steinmarknad. Våre partnarar i Kina gir oss tilgang til verdfull spisskompetanse og utval av sjeldne steintypar som er eit fortrinn for oss i forhold til konkurrentane våre  her i Noreg. Og på sikt vonar ein å byggje opp eit unikt fagmiljø på Fitjar, sier Hans Gustav Mussland som er daglig leiar i Rimsvarde.