Fitjarbuen Stein Helge Simonsen som representerer Stord SK, gjekk i dag heilt til topps i Isfjordstempoen på sykkel i Åndalsnes. Det tyder at han òg vann NM Masters i sin klasse.

-Svært nøgd med at eg vann og fekk NM-trøye, og at det heldt, sjølv på det eg ikkje vil kalle ein heilt optimal dag.

Temporittet var 30 km landeveg. Ein løype Stein Helge karakteriserer som rask.

Torleif Solli, også Stord SK,  vart nr 4 i klassen for 30-34 år.