Majestiske Statsraad Lemkuhl ankra i ettermiddag kl 18.00 opp i Fitjarvikjo. "Vi er ankret  i Fitjar down town–", høyrde Bjørg Strømme dei seia i høgtalaren, like etter.

Strømme som òg har teke ingressbiletet, gjorde vidare ein journalistisk god jobb og fann ut at den stolte seglskuta kjem i frå Orknøyane, og var i så god rute på veg til Bergen, at ho kunne ta seg tid til å ankra opp her for natta.

Men allereie i morgon skal båten på tokt att. I følgje Statsraaden sine eigne heimesider, skal det vere avgang frå Bergen i morgon kl. 17.00. Då med kurs for Lerwick på Shetland.