Fitjar Næringsråd ved leiar Monika Hatlevik, og Fitjar kommune ved ordførar Wenche Tislevoll, gjorde stas på Lise-Katrine Grimen, som i dag starta opp med ny blomebutikk i sentrum.

Frå kommunen fekk Lise-Katrine ei lita gåve frå Fitjar Såpekokeri og frå næringsrådet eit års medlemskap i Fitjar Næringsråd.

– Me treng ein blomebutikk i Fitjar og er særs glad for at dette er på plass, etter at Malvin Aarskog no har slutta av. Jo fleire tilbod me får her i bygda, di mindre handelslekkasje vert det. Såleis er ein ny butikk òg med på å byggja opp under dei andre handlande i Fitjar, seier dei.

– Eg er viss på at fitjarbuen vil nytta seg av dette tilbodet, legg ordføraren til.