Fitjar Festivalen er like rundt hjørnet. Først ut er vise- og lyrikkvelden på torsdag.

-Tanken bak denne kvelden er at det skal vera ein kveld der det vert lagt vekt på lokal forankring, kanskje gamle songar, humor, skjemt og alvor. Kvar einskild aktør står fritt til å velja repetoar, men lokalt stoff er eit pluss.

Arrangementet er tidlegare annonsert i media med alkoholservering, men arrangøren har valt å ha det som et alkoholfritt arrangement, opplyser Terje Træet og Terje Vestvik i Fitjar Musikklag som er teknisk arrangør for arrangementet.

Dei som vert med er ( i tilfeldig rekkefølgje):

Fitjar ad-hoc ensemble, song og spel

Eli Simonsen, opplesing, med mulig akk. av Irene Simonsen

Ole Andre Westerheim, song

Tom, Harald og Arve Rydland, song v/ Harald

Svein Kåre Meling, opplesing

Håkon C. Hartvedt, visesong

Henning Wichmann, song, monolog

Praise Him v/ Kjerstin Stokken, song

Sigrid Fangel Brekke, opplesing

Tom Rydland, Pia Drønen, Svein Tørnquist, Ole Chr Ottestad, song. Litt fra Osternes Mannskor sin cabaret v/ Ole Chr. Ottestad

Me ser fram til ein kjekk og fin kveld.

Helsing Terje Træet og Terje Vestvik

På vegne av Fitjar Musikklag.