Aud Amiti Myhre

– I naturyoga pustar me den reine lufta djupt inn. Sansane våre blir skjerpa, fortel Aud Amiti Myhre, som startar opp nytt tilbod i Kråko.

Myhre er internasjonalt sertifisert lærer i Kundaliniyoga, og har 25 års erfaring innan meditasjon, klassisk yoga og Kundaliniyoga.

– Livet mitt med yoga starta då eg var gravid med mitt første barn. Eg fekk smerter i korsryggen, og begynte å praktisere klassisk yoga kvar dag ved hjelp av boka. Smertene forsvann og eg fortsette med yoga kvar dag i mange år, fortel Myhre.

Lærte sjølvutvikling og meditasjon i India

Den eventyrlystne instruktøren fortel at ho kjøpte yoga-instruksjonsboka ho brukte i starten medan ho budde i India.

– Frå eg var 18 til 24 år flytta eg mykje, og reiste rundt i Europa og Asia. Då eg var 24 år slo eg meg til ro i ein dal i fjella i nord-øst Spania. Etter sju år der hadde eg fødd tre born og valte å flytte tilbake til fødestaden min; Stord.

Tek tilbodet med til Fitjar

Aud Amiti Myhre held til på Stord Yogasenter, men vil no gje eit tilbod til Fitjarbuen.

– Frå 1.mai vert det naturyoga på stranda rett ved Dåvane i Kråko kvar mandag og fredag. Påmelding på tlf. For tida kan eg berre ta 4 personar per gruppe, og me må følgja smittevernstiltak, opplyser Myhre.

Ho fortel at yoga har mange postive effektar på kroppen, og passar ogso godt for dei med skader eller dei utrente.

– Du gjer øvelsane med den kroppen du har og ingenting er feil, avsluttar Myhre.